Vi er allreie i midten av januar og vintervèret viser seg frå si beste side. Endeleg er snøen her! Denne veka har vi blant anna laga ulike variantar av snømenn, vi har aka og laga engler i snøen.
På dinoskulen har dei jobba vidare med problemløysingskapittelet. Dei har hatt stragtegiane "å dele" og "å spørje". Måndag laga dei dinosaurar av modellerkitt til borgene dei laga i forrige veke. Alle fekk kvar sin farge med modellerkitt, og så måtte dei spørje dei andre på gruppa dersom dei ynskja andre fargar. På denne måten måtte ein trene på å dele og å spørje. Veit du korleis kan ein spørje fint?

Turdagen vår vart flytta til torsdag denne veka. Vi tok med oss turmat og gjekk opp på haugen. For små barneføtter er det tungt å komme seg fram i kram nysnø. Vi prøvde våre nye vaffeljern på bålet.
Vi jobbar med fagområdet "antal, rom og form" denne månaden. Så denne veka har formar vore i fokus. Barna har blant anna blitt introdusert for kvadrat, rektangel, trekant og sirkel. Dei har fått fargelagt teikningar laga av ulike formar og dei eldste barna har gjort fargeleggingsoppgåver der dei har farga dei ulike formane. Barna har fått prøve potettrykk, der poteta har vore skjært ut som sirkel, rektangel, firkant og trekant. Nokre av barna har fått vore med å lage vaffelrøre, der ein må måle opp ingredienser som skal vere i røra.
Fredag hadde Ania gym på fellesrommet med barna,vi har vore mykje ute å aka og til lunsj fekk vi servert lapskaus!
Ynskjer alle ei fin helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar