fredag 8. januar 2016

Veke 1

Hei alle saman!

Vi ynskjer alle barn og vaksne eit riktig godt nytt år! Vi er allerede ei veke inn i det nye året og så langt har det nye året gitt oss nydeleg vintervèr. Det har vore kaldt, men sola har skint og det er deilig å komme inn i varmen etter å ha vore ute i frisk og kald vinterluft. 

Vi har starta året i eit roleg tempo, vi har fått tre nye jenter på avdelinga og gleder oss til å verte enda betre kjende med dei. Denne veka har vi brukt til å bli kjent, skape relasjonar og venskap, men og komme inn i rutinene i barnehagekvardagen igjen. Det har blitt ein del frileik og ein del uteleik ute og på haugen. Ania har saman med barna laga islykter av ulike former og fargar. Dei heng no til pynt utanfor barnehagen og i eit tre oppe på haugen.


På Dinoskulen har dei starta på nytt kapittel; Problemløysing. Korleis kan ein vite at ein har eit problem, det kan t.d. vere ein konflikt, ein uenighet eller når vi ikkje får til noko. Kva følelsar kjenner vi på når vi har eit problem? Korleis vi kan løyse eit problem? Er det ei god eller dårleg løysing? Har vi fleire løysinger? Alt dette skal dei snakka mykje om framover, og dei vil kome til å lære seg ulike strategiar på konfliktløysing.

Kva er problemet?
Finne ei løysing?
Har vi fleire løysinger?

Ynskjer alle ei fin helg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar