![]() |
Naturmaterialer blir til kunst - landart. |
Dei tre nye på avdelingen er: Sofie som er søster til Amalie og Yada som er søster til Justin. Sistemann er Theon som også har søsken i barnehagen; Mio som går på Flåklypa. Velkommen til alle tre.
Bursdagskrone, kappe og ein fin ting frå bursdagskista |
Onsdag feira vi bursdagen til Vilde som nettopp fylte 6 år. Vilde hadde fin krone og kappe. Ho fekk velge sang i bursdagssamlingen, og fekk velge seg ein fin ting frå bursdagskista. Vilde fekk papirhjerte med fine ord frå dei andre barna til å ta med heim.
På Dinoskulen er vi ferdige med Tyrannosaurus Rex kapittelet og har begynt på eit nytt kapittel som heiter Allosaurus. I dette kapittel skal barna ha fokus på gode sosiale ferdigheter og trene mykje på å være ein god venn. Dina kom innom på onsdag og delte ut buttons for arbeidet barna har gjort i lekseheftet i Tyrannosaurus kapittelet.
Fredag gjekk vi til biblioteket på eventyrstund. Eilin fortalte eventyret om "Millioner kattar" Etterpå fekk barna være med på å gi navn til ein ny katt som akkurat har flytta inn på bilioteket. Det var demokratisk avstemming og navnet til katten vart Luis. Katten skal få være i lesekroken med dei andre dyrene.
Luis, den nye bibliotekskatten |
God helg !!!
Stine, Ania, Eva Birthe og Bente
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar