fredag 13. mars 2015

Samlingsstund ute på plassen
Vekas store HAPPENING skjedde på tirsdag. Då var det årets BARNEHAGEDAG. I år hadde denne dagen tittelen "VI VIL UT" sidan det i år er Friluftslivet sitt år. Og ut vart det. Først var vi på Haugen og sang litt for dei frammøtte foreldrene. Der var det også rebusløp. Barna fekk ein premie for kvar post, premien var stempel på handa. Nede på plassen igjen hadde vi samlinsstund i uteatriumet mellom avdelingane. Barna fekk høyre eventyret om "Reven som gjeter" Til slutt vanka det lapskaus til alle store og små, og det varma godt i kalde kroppar. Takk til alle foreldre som kom og var med å feira BARNEHAGEDAGEN!!!

Mari og Willy fortel om vennskap og å være ein god venn.


Dinoskulen handlar om venneferdigheter. Barna er godt igang med å gjere gode vennegjerningar. Og det medfører Willymerker i Willymerke-samlekoppen til kvar enkelt Dinobarn. Så sakte men sikkert nærmar det seg isfest. Barna har laga eit lite "hjelpekort" der dei har fått notert ned ein sjølvvalgt ting som dei vil hjelpe til med heime. Nokon ville hjelpe å dekke bord, andre ville hjelpe å lage mat. Mange ulike hjelpe aktivitetar vart skriven ned for å ta med heim. Etter utført aktivitet skal foreldrene skrive under og barna tar heftet med tilbake til Dinoskulen for å vise dei andre. 

Hjelpekort til å ta med heim

Barna har vore med og lage Drage. Først har dei samla materialer ute. Så har dei vore med og montert og bygga dragen. Deretter vart dragane malt og pynta for til slutt å bli tatt med ut for å prøve flygedyktigheten i vinden. Kjempegøy å sjå dragen fly opp i lufta og sveve avgårde.

Fargerik drage. 

Torsdag gjekk vi inn på fellesrommet og hadde samling med sang og musikk. Vi sang sangar vi kunne frå før og vi lærte også nokon nye.

Været har vore til tider FLOTT OG STRÅLANDE SOL denne veka og det har vi visst å setje pris på med å komme oss ut og være masse ute både på haugen og nede på plassen. 

God helg!!

Eva Birthe, Ania, Stine og Bente
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar