Ei veke med flotte soldagar, men med Sotras velkjendte iskalde nordavind. Værtype som gjer det vanskeleg å kle seg riktigt.
Eventyrsamling på onsdag.
Vi lånte grupperommet til Flåklypa så det vart ein liten "utflukt" sidan vi gjekk gjennom heile barnehagen for å komme på samling. Gøy det å komme på besøk på ein annan avdeling.
På rommet var det mørkt og det var trolsk eventyr musikk. Barna satte seg spent ned, Bente åpna eventyrkofferten sin og barna fekk ein magisk reise til eventyrland. Eventyret "Prinsessen på erten" fenga barna og dei satt konsentrert og høyrde på heile historien. Det enda som kjendt godt, prinsen fant ei ekte prinsesse, dronningen vart glad for at ho endeleg skulle få bli bestemor og alle levde lykkelig til sine dagars ende.
Barna fekk komme fram og sjå på dokkene etter samlingen. |
Prinsen, Dronninga og Prinsessa og eventyrkofferten. |
![]() |
Masse gøyt på leikeplassen |
Selma har sin siste dag fredag. Ho sluttar i Leirstaden barnehage og skal begynne i ein ny barnehage på den nye plassen ho skal bu. Me vil takke for tida saman med Selma og ynskjer ho lykke lykke til i ny barnehage og på ny plass.
Eva Birthe laga skippergryte fredag til lunsj. Kjempegod lunsj, barna likte det supergodt.
Hjelparar denne veka har vore Erik og Sander.
God helg !!
Mariel, Lise, Eva Birthe og Bente.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar