fredag 13. juni 2014

Veke 24


Det har vore mange regndagar i det siste og det har vore ein kjekk forandring frå alle dei mange soldagane. Veldig fint med sol, men også godt med litt nedbør. Naturen treng vatning og barna får gøy vannleik ute.

Sandkassen er blitt arena for elvebåtkappløp....



Denne veka har dreid seg mykje om SOMMARFESTEN. Allerede tirsdagen begynte vi å øve på sangane som vi skulle synge, barna har snakka om kva klær dei skulle gå med på festen, og gleda seg VELDIG til familien skulle komme og være her på festen.

Torsdag kom endelig sjølve dagen og barna var proppfull av forventing heilt frå morgonen av. "Kor lenge er det til det begynner ?" spørsmålet gjekk igjen og igjen, ventetida var laaaaaang, det kribla i kroppen og det var vanskelig å holde ut denne ventinga. 

SÅ: klokka fire var fellesrommet fullt av foreldre, søsken, besteforeldre, tanter, kanskje onklar, eit par søskenbarn og oldemor. Veslemøy frå samarbeidsutvalget holdt ein liten tale først. Alle barna kom etterpå stille inn og stilte seg opp på scena framfor alle i salen. Kjempegøy å stå på scenen for dei fleste, litt skummelt for enkelte. Så sang vi sangane vi hadde øvt på: Goddag og velkommen, Leirstaden-sangen, Bob bob daddy daddy, Olle Bolle og Grise Fise. 
Deretter viste alle førskulebarna litt av det dei har holdt på med på Dinoskulen. Tilslutt var det høgtideleg roseseremoni.  Førskulebarna fekk overrakt kvar si rose og vart ynskt lykke til på skulen, og vart takka for tida sammen i barnehagen. Roseseremonien var det tradisjonen tru ped.ledarane på Tryllefløyten, Soria Moria og Flåklypa, henhaldsvis Siw, Lise og Liss, som stod for.  

Alle barna var kjempeflinke på scenen, og det var masse stolte blikk frå publikum i salen. 


Roseseremoni for rosarussen
Etterpå gjekk barn og familie inn på avdelingen der Lise, Eva Birthe og Bente serverte hotdogs og saft til alle. Til dessert hadde vi pinneis. Nam nam.
Takk til alle familiar som kom og var med, veldig koseleg å ha dere på besøk på sommarfesten. Ingen fest uten gjest ! 

Kos på avdelingen



Fredagen diska Eva Birthe opp med lapskaus til heile huset. Kjempegodt!!! 

Barnehagen vart vaska og spylt utvendig fredag. Den vert klargjort til maling. På baksida av barnehagen er det satt opp stillas så snart skiftar vi farge. Den nye fargen er mørk brun med vinduslister i lysegrått. Forandring fryder......

Hjelparar denne veka har vore Vilde og Tobias.

God helg. 

Mariel, Eva Birthe, Lise og Bente.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar