Tirsdagen hadde vi VALG i barnehagen. Det var utrulig spennande. 16 mai skal det være grunnlovsjubilè bankett på fellesrommet. Og då må det sjølvsagt være noko godt å ete. Og maten skal barna bestemme, derfor måtte vi ha valg. Det vart satt ned ei arbeidsgruppe som skulle gjere eit utvalg av populære rettar å velge i . Arbeidsgruppa bestod av førskulebarna. Utvalget av rettar vart så presentert for resten av barna i barnehagen og så vart det avstemming over to middagsrettar og to dessertar. Fellesrommet vart gjort om til stemmelokale med navnelister til avkryssing, urner, høgtideleg gardemusikk og norske flagg. Barna gjekk inn etter tur og blei høgtideleg kryssa av i manntalet, fekk stemmeseddel til å putte opp i valgte urne, akkompagnert av musikk frå HM Kongens Garde.
Då alle barna hadde avgitt si stemme, samlast alle på fellesrommet til oppteljing av stemmene. Monica og Mariel åpna urnene og barna var med og telje høgt sedlane i kvar urne. Stemmene vart visualisert i form av søylediagram av Duploklossar. Desserten hadde klart fleirtal på tress is med sjokoladesaus.Men middagen stod uavgjort mellom taco og hot-dog. Eit barn hadde då ikkje avgitt stemme pga at ho var på bading. Så med Milla si stemme heilt til slutt så vippa det i favør av hot-dog. Jubel i salen og fornøgde veljarar ! Dermed hadde barna vore med på DEMOKRATI I PRAKSIS !
Dinoskulen nærmar seg no slutten for i år, første kullet er snart skuleklar !!! Me heldt framleis på med Brachiosaur kapittelet. Mandag var Mari på besøk og snakka om korleis me kan spørje fint, og seie tusen takk. I aktiviteten øvte barna på dette gjennom å dele på fargar lim og glitter når dei laga bilde.
Onsdagen fortalte Mari om kor viktig det er å bruke lytteøre når andre snakker. Lille Skilpadde var også på besøk, og no for siste gong. Litt leit at me ikkje får sjå han igjen. Til slutt kom også Dina innom. Ho roste barna for gode lytteferdigheter. Dina lekte hviskeleken der alle måtte skjerpe lytteørene maksimalt for å høyre etter og sei riktig ord vidare til nestemann. Dina fortalte også ein historie om seg sjølv og spurte etterpå spørsmål frå historien. Barna lytta kjempebra og kunne svare på alle spørsmål så Dina var imponert.
Onsdag var alle barna som soknar til Foldnes skule invitert på besøk til Foldnes SFO. Alle fire førskulebarn på Soria Moria er i den skulekrinsen. Det var veldig gøy å få komme og sjå korleis det er der og få møte dei vaksen som jobbar der. Barna fekk litt frukt å ete medan dei var der, og det smakte.
Torsdagen kom fotografen og tok bilder. Gruppebilder av avdelingen, enkeltbilder og søskenbilder. Foreldre får tilsendt bildene på mail og kan bestille etter gjennomsyn.
ROSARUSSEN har fått fleire russeknutar. Mandagen åt dei havregraut med gaffel som betyr russeknute. Fredagen åt dei 7 marie kjeks på 5 minutter og det vart endå ein knute. Då er det berre 6 knutar igjen .
Fredag diskar Eva Birthe opp med fiskepinnar og pommes frites. Nam nam, kjempepopulært blandt barna.
Hjelparar denne veka har vore Justin og Mads Aron.
Riktig god helg.
Eva Birthe,Lise, Bente og Mariel.
Obs!! husk foreldresamtaler
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar