fredag 2. mai 2014

veke 18

Denne veka har vi framleis vore heldige med været, SOL frå BLÅ HIMMEL nesten kvar dag. Litt kald nordavind til tider men ska kje klaga så lenge sola skinner !!!!

Vi har feira heile tre bursdagar denne veka. Even og Louise fyller 4 år og Matilde fyller 6 år. GRATULERER ALLE TRE !!!!!





Mandag og onsdag fortsatte Dinoskulen med Brachiosaurus kapittelet. Barna øver på å samtale med andre, dele tanker og følelsar, invitere andre med i leiken, samarbeide, være høflige, presentere seg sjølv m.m. Aktiviteten mandag var komplimentssirkel. Barna sitter i ein ring og sender rundt ein porselensengel. Den som har engelen skal seie noko fint om seg sjølv først og deretter noko fint om den ved sia av. Aktiviteten onsdag var å samarbeide to og to om å bygge lego. Den eine har hendene på ryggen og instruerer den andre om korleis bygget skal byggast. Krevande i starten men barna fekk etterkvart taket på denn nye byggemåten. 

AVSLUTNING PÅ DINOSKULEN 22 MAI. FORELDRE VERT INVITERT. INVITASJON KJEM SEINARE.

Tirsdag gjekk turen til leikeplassen på Foldnes. Soria Moria og Tryllefløyten gjekk saman. I sekken hadde vi skiver og saft. På lekeplassen leikte vi tikken, slå på ringen, alle mine barn kom hjem og stiv heks. Daniel hadde med fotball og dribla og scora med barna, det er alltid gøy å sparke fotball med Daniel. Han elskar fotball og det smittar over. 

Russen har fått nokon knutar i russelua. Dei har tatt limband på munnen og klart å være stille i ti minutter, det blir ein knute. Dei har styrta eit glass vatn, det blir ein knute. Då er det åtte knutar igjen .....

Onsdag laga Eva Birthe kjempegod lunsj. Gratinerte baguettar med kjøttfyll og ost på toppen. Barna likte det kjempegodt.

16 MAI SKAL VI HA FIN FEST I BARNEHAGEN.DÅ SKAL VI HA GRUNNLOVSJUBILÈ - FEST FOR ALLE BARNA PÅ FELLESROMMET. 






Torsdagen var det 1 mai og fin fridag igjen.


20 MAI VERT DET TUR TIL TEATERET FOR FØRSKULEBARNA. Vi skal møte "spøkelset Octavia".

Hjelparar denne veka har vore Louise og Emmelin.

Riktig god helg !!!


Lise, Bente og Eva Birthe.




OBS:
Fotografen kjem i barnehagen i veke 19; torsdag 8 mai og fredag 9 mai.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar