Hei og god fredag!
Vi er i gang med å lage påskepynt og denne veka har barna fått lage kvar sitt påskekort. Påskeliljene er også ferdige, sjå på biletet under kor flotte dei blei!

Det er fleire barn som har fått dinosaurfot denne veka, det betyr at dei har samla opp fem Willy-merker. Desse Willy-merka har dei fått fordi dei har gjort gode handlingar mot andre barn. No manglar det ikkje mange dinosaurføtter før det blir isfest på Dinoskulen. Måndag var samarbeid i fokus der dei måtte samarbeidde to og to om å lage noko av lego, dei bygde alt frå skule, til eit ein jobb til Star Wars-skip med rampe. På aktiviteten onsdag spelte gruppene ulike spel, Villkatten, Stigespel og. Her oppstod det blant anna turtaking, samarbeid, glede og skuffelse.
Tysdag fekk dei barna som krinsa til Foldnes skule reise på besøk på SFO. Dei andre barna gjekk på tur til ein av dei mange leikeplassane på Foldnes. Her fekk barna utfalde seg ved å balansere, disse og rolleleik. Vi hadde teke med oss nokre bøtter, spader og oppvaskkoster, så det oppstod mykje fin leik. Det var stårlande vèr denne dagen, så vi tilbragte resten av dagen ute i barnehagen.
Onsdag hadde Aina høgtlesing av boka "Dille biter" inne på det lille rommet. Etter lunsj var alle dei store avdelingane ute. Monika har gått til innkjøp av nye bøtter og formleikar ute, så dette var ekstra stas.
På torsdag hadde vi smågrupper. Barna fekk blant anna prøve å jobbe med trolldeig, ein deig som kan samanliknast med modelleringsleire. Resultatet får dykk sjå når det nærar seg påske!
I samling har vi hatt påske som fokus. Barna har fått høyre påskeevangeliet, sunge påskesongar og lært nokre nye teikn knytt til påske.
I samling har vi hatt påske som fokus. Barna har fått høyre påskeevangeliet, sunge påskesongar og lært nokre nye teikn knytt til påske.
Ynskjer alle ei stårlande helg!
Soria Moria-damene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar