God fredag!
Da var det fredag igjen og helga står for tur.
På dinoskulen denne veka har dei hatt besøk av Lille Skilpadde. Han fortalte om kva han gjer når han vert sint, ein eigen ro-ned strategi. Han stoppar opp, trekkjar seg inn i skallet sitt, pustar sakte tre gongar før han kjem roleg ut av skallet sitt før å prøve på nytt. Barna har også fått lage sine eigne skall av papirposar. Dei har også leika "Kven er inni kassen"-leiken, der eit barn må gjette kven som har gøymt seg inni kassen.
På tysdag var det vått, men vi pakka sekken og tok beina fatt på Kyrkjevegen. Her fann barna ulike naturmateriale som dei tok med tilbake til barnehagen, dei fekk utforske skogen og utfalde seg i det ulente terrenget.
Dei eldste barna har fått sy ris/makaroni-posar med Ania, kjempefin øving for finmotorikken. Barna tykkte dette var kjempekjekt å sy.
Fredag hadde vi gym på fellesrommet før vi fekk servert Skippergryte til lunsj. Etter lunsj gjekk vi ut og tilbragte resten av dagen ute i det nydelege vintervèret!
Ynskje alle ei fin helg!
Soria Moria-damene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar