Hei hei!
Nok ei veke er omme og ei ny helg står for tur.
På Dinoskulen handlar det forsatt om kjenslar. Måndag kom Mari på besøk og vi snakka om det å vere einsam. Inger Ann las om Albert Åberg som fekk seg ein ny venn som heit Viktor. Onsdag kom ei frustrert og oppgitt Dina på besøk, ho hadde nemleg mista vingene sine og fann dei ikkje, uansett kor mykje ho leita. Ho hadde ei boblande, ubehagleg kjensle i magen sin. Med god hjelp frå Dinoskulebarna fann dei vingene hennar bak pianoet på fellesrommet. Gjensynsgleda var stor og Dina fekk ein god kjensle i kroppen sin. Etterpå fekk barna klippe ut ulike ansiktsutrykk frå balder som dei limte under tema glad, ivrig, sint, trist.
Turdagen på tysdag skulle opprinneleg gå til Indianerskogen, men av og til i barnehagen så må vi endre planene i siste liten. Vi gjekk derfor til den første gapahuken på Kyrkjevegen, dette var ein ny turplass for dei fleste barna fordi det er lenge sida vi har vore der. Her var det ei elv med ei hole som gjekk gjennom til andre sida av vegen. Barna fekk bruke sansane sine ved å sjå, kjenne og høyre på vatnet som rann. Til lunsj hadde vi påsmurde skiver og kakao.


Gruppedagane framover vil vere noko annleis enn vanleg. Barna vil bli delt opp i større og mindre grupper der vi har ulike juleførebuande aktivitetar. Denne torsdagen har vi starta på nokre julekort som vi ikkje kan fortelje så mykje meir om enda.
Ania har teke med nokre leikar som ikkje barna hennar leikar med lengre, som er til stor stas for barna på Soria Moria. Det har derfor vore mykje fisking denne veka og på kroken har barna fått alt frå små fisk, til hai og støvlar.

Ania har teke med nokre leikar som ikkje barna hennar leikar med lengre, som er til stor stas for barna på Soria Moria. Det har derfor vore mykje fisking denne veka og på kroken har barna fått alt frå små fisk, til hai og støvlar.

Helsing oss på Soria Moria
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar