fredag 20. februar 2015

veke 8


Vekas store høgdepunkt skjedde fredag. Då gjekk årets KARNEVAL av stabelen. Barna var i karnevalshumør frå tidlig om morgonen. Det strøymde på med superhelter, prinsesser, forskjellige dyr, doktorer, klovner, sjørøvarar, smurfer m.m. 

Vi dansar GANGAMSTYLE på fellesrommet.

Etter frokosten gjekk Soria Moria, Tryllefløyten og Flåklypa inn på fellesrommet der det var duka for fest. Vi dansa, sang, laga karnevalsmaske, slo på pinjataen til den sprakk, åt pinjata snop, dansa limbo og hadde det kjempegøy. Langbord var dekka og pynta på fellesrommet og vi spiste lunsjen der, hot dog og raud saft, nammings.


ANIA har laga verdens finaste PINJATA
Ania hadde laga verdens finaste kattepinjata og til og med laga sitt eget prinsesse-karnevalskostyme.

Tirsdag gjekk turen til leikeplassen på Foldnes. Været var REGN OG VIND. Men med denne sporty gjengen blir det kjekk tur likevel sjølv om ikkje været er av den beste sorten. På termos hadde vi med god varm tomatsuppe med makaroni.

Vi har vore og handla nye leiker denne veka. Det er stor stas for barna og være med å åpne pakkene. Denne gongen vart det kjøp inn Barbie dokker og klær , og i tillegg modellerkitt utstyr. 

På Dinoskulen er vi framleis i Tyrannosaurus Rex kapittelet, som handlar om sinnemestring. Vi øver og øver på Lille Skilpadde sin hemmelighet. Denne veka har barna øvt på å gå inn i skallet, slik som Lille Skilpadde seier vi skal nå vi blir sinte. Barna har også fått ulike problemstillinger forklart og må diskutere og bruke problemløsningsstrategier for å finne ein god løsning.  

Hjelparar denne veka har vore Boryz og Dorthe. 

Riktig god helg !!!

Eva Birthe, Ania, Stine og Bente.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar