fredag 11. april 2014

Veke 15


Mykje har skjedd på Dinoskulen denne veka. Mandagen hadde vi siste timen i kapittelet som heiter Allosaur. Vi avslutta med rebus med postar rundtom i barnehagen der spørsmåla handla om venneferdigheter barna har lært i kapittelet. Barna var kjempeflinke og hadde gode svar på alle spørsmål. Så alle fekk korta sine fulle av stempel og det enda med at alle fekk velge premie frå premiekista. Superflinke Dinoskule elevar !!!!




Onsdagen starta vi på nytt kapittel som heiter Brachiosaurus. I dette kapittelet skal barna lære nye ferdigheter. Dei skal m.a. lære å : lytte eller vente med å snakke, seie noko positivt til andre, presentere seg til nokon, dele noko personleg om seg sjølv med andre, seie takk, snakke om eit problem eller ei vanskeleg kjensle. 
Mari øvte med barna på å presentere seg:" Hei eg heiter Mari, kva heiter du ? Hyggeleg å helse på deg !" Aktiviteten var å presentere seg ved hjelp av ei papirdokke som forestilte barna sjølve.
Dina kom og delte ut Allosaur- button for gjennomførte lekser i Allosaur kapittelet. Og barna fekk utdelt nye Brachiosaurus leksebøker. Dina var kjempeimponert over at alle hadde fått samla nok Willy merker til å få dinosaurfot på tavla. Dette betydde berre ein ting: ISFEST. Og isfest vart det, ein kjempefin avslutning før påske. 





Tirsdagen gjekk vi på tur til Gapahuken, åleine til ein forandring. Tryllefløyten hadde andre planar så det var berre oss på Soria Moria denne turtirsdagen. Vi er blitt så vant til å gå sammen med dei no, så det var litt rart å være "åleine". Været var surt og kaldt og blåsete, kunne virke som våren hadde ombestemt seg og vinteren fekk overtaket igjen. Men det var lunt under tak inne i Gapahuken der me åt skiver og drakk saft til lunsj. Tilbake i barnehagen var det godt og komme inn og få varmen i kalde fingrar igjen. 

Onsdag og torsdag var vi inne på avdelingen på føremiddagen og laga påskebilder. Barna malte med pensel og blåste maling på papir med sugerør. Etterpå satte vi på gul egg- passepartout og pynta med fjær og gllitresteinar. 


Ida-Marie som har vore i praksis på Soria Moria hadde sin siste praksisdag torsdag. Det har vore kjekt å verte kjendt med deg Ida-Marie, barna og voksne savnar deg.

Fredagen har vi vore mykje ute i det fine været. Eva-Birthe severte hotdog til lunsj, skikkelig suksess, hotdoggane forsvant lynkjapt ned i svoltne magar. 

Hjelparar denne veka har vore Erica og Dorthe.

Den store brukarundersøkinga blandt barnehagane i Fjell er igong. No kan foreldrene gje oss i Leirstaden tilbakemelding på kor nøgde/unøgde de er med barnehagen. Så nytt sjansen og gje ros eller ris. Det vert teke til etterretning. Skjema med personlege passord til brukarundersøkinga er blitt delt ut på alle avdelingar.

LUS er blitt oppdaga på Soria Moria. Sjekk barnet ditt og deg sjølv med lusekam jevnleg framover. Skal vi bli kvitt lusa må alle gjere ein innsats. 

GOD HELG OG GOD PÅSKE  :)

Eva-Birthe, Lise og Bente




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar