fredag 21. februar 2014

Veke 8

Endeleg har vi fått begynt å rydde litt på bloggen vår, vi håpar og trur at den blir meir oversiktleg og enda meir nyttig. Frå no av kjem den til å bli skriven på nynorsk. Vi er jo tross alt ein nynorsk kommune.

Denne veka på Dinoskulen har vi fortsett på kapittelet om sinnemeistring. Her fortel Willy at ord kan såre kjenslene. Lille skilpadde viser fram eit magisk erteskjold og korleis det kan brukast til å få orda til å falle av. Barne foreslår vennlege ord som ein fester på skjoldet (skriven på grøne remser med borrelås), mens uvenlege ord som er skriven på raude remser (utan borrelås) fell av. Vidare fortel Lille Skilpadde om situasjonar der han har vore trist eller sint, og korleis han har roa seg ned og klart å bli glad igjen. Her fekk barna øve på roe-ned-strategiar ved å blåse opp ein ballong fylt med sinte kjensler inni, og lufta sleppast ut med glade tankar. Dinobarna kom også med andre forslag på korleis ein kunne roe seg ned på. Vi avslutta denne vekas Dinoskule med Sinnebingo med premiar.


Tysdag var vi på tur til ein leikeplass (grusbanen) i byggefeltet på Foldnes, vi gjekk saman med Tryllefløyten også denne turdagen. Vi var superheldige med været, litt snø på bakken og knall sol! Til lunsj hadde vi påsmurde skiver og vi drakk kakao.


Vi fortsetter prosjektet om venskap og har denne veka begynt å lage "venedukker", vi er enda ikkje ferdige med dei, men fortsetter neste veke. Her får barna skape si eige dukke ved hjelp av nål, tråd, filt og perler. Her blir konsentrasjonen og finmotorikken utfordra. Alle dukkene har allereie fått ein særeigen utsjånad, ingen er like og nokre av dukkene har til og med fått namn. Dette gjenskapar barnegruppa på Soria Moria - ingen er like, men alle trenger ein ven.



I neste veke, veke 9, er det vinterferie. Dinoskulen tar vinterferie og turdagen går bort. Minner igjen om å sjekke kassene med byttetøy. Det blir fort tomt i dette regnværet vi har nå.

Hjelpere denne veka har vore Meida og Gouda. 

Riktig god helg!


Bente, Lise, Eva-Birthe, Aina og Mariel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar